torsdag 19. april 2012

Nasjonalsongar

I dette innlegget, har eg samanlikna den norske, svenske, danske finske og samiske nasjonalsongen. Kva har dei til felles, og kva er ulikt?


I alle songane vert naturen beskriven. Alt vert lagt fram på den fine sida, og skal visa kva som er godt og best i dette tilfelle, naturen. Stoltheit er eit anne sentralt tema. Fleire av songane trekkjar inn kampar dei har kjempa, og kor stolt du skal vera av dine forfedre som har kjempa denne kampen, slik at du får bu i eit flott land. Historie blir fortalt i dei fleste songane, og den er kronologisk lagt fram.

Ein nasjonalsong skal skapa å få fram ei nasjonalfølelse. Det syns eg kjem fram i alle songane. For å skapa stoltheit og æra, vert følelsar ofte dregne med i bilete. Alle songane er følelseslada, og inneheld patos. Dei legg vekt på det fine og fagre, og stoltheit som tidlegare nemnt. Saman med nasjonalfølelsen, visar songane til fellesskapet. Me er ein nasjon som står saman, og det er ofte vanlige folk som blir nemnt. Til døme bønder.

Åndelege dimensjoner er også noko som kjem fram i den norske og svenske songen. Det vert ikkje peika direkte på kristendommen, men Gud er nemnt.

Den samiske songen er den som skil seg mest ut i mine augo. Det er fordi den er den nyaste, og du merkar at den ikkje har heilt det same innhaldet som dei andre, som er ein god del eldre. Denne songen forklarer mykje meir om kva ein same driv med, og kva som ligg i fortida og gjer at nasjonen i dag skal vera stolt.